torsdag 7. juni 2007

Ein av syndarane er dr. Luther

"Denne usemja er eit karakteristisk drag ved moderne luthersk kyrkjesoge. Det galdt skilsmisse, helvete, kvinnelege prestar, og no homofili i kyrkja. Utfallet er alltid det same:
Etter ei tid kjem det store fleirtalet vandrande etter det omstridde mindretalet som braut ut av den rådande læra.

[...]

Det er dr. Martin Luther som er problemet. Han avskaffa læreautoriteten, paven. I staden sette han to andre autoritetar: Mennesket og Bibelen. Skrifta åleine var vegen til Gud. Og mennesket skulle møte Gud åleine, på tomannshand, utan at kyrkja og paven gjekk imellom.
Trua vart ei personleg sak, og samvitet vart los og kompass når det galdt tru og moral. Det er farleg å gjere mot samvitet sitt, sa Luther.

[...]

Det er denne tunge, tyske arven som i dag sprengjer kyrkja. Ikkje eingong truande kristne let seg kalle til orden.
Men det er også denne tunge, tyske arven som har vore med og skapt dei fridomane vi i dag nyt godt av: Tankefridom, ytringsfridom, forsamlingsfridom og alt det andre.
Gud var i sine velmaktsdagar ikkje for den slags. Gudar er ikkje det. Gudar kjenner sanninga og sanningane. Kritikk, opposisjon og tøv vil dei ikkje ha.
Vårt sekulære samfunn er eit barn også av dei kristne tenkjarane Martin Luther, René Descartes og Immanuel Kant. At dei skulle vere medansvarlege for den avkristninga av Europa vi dagleg kan sjå, ville nok forskrekke dei."

Andreas Skartveit, Aftenposten, 07.06.07
En bra oppsummering av bl.a. Luthers bidrag til sekulariseringen.
(Se også: "Bra" sitater av Martin Luther.)

Ingen kommentarer: