mandag 10. september 2007

Kristne privatskular i Noreg står fritt til å trekkje utviklingslæra i tvil.

"Kristne privatskular i Noreg står fritt til å trekkje utviklingslæra i tvil.
Vi trur på at Gud skapte verda og har fått lov til å undervise ut frå Bibelen, seier rektor ved Elihu Kristne Grunnskole.
I juni i år gjekk Europarådet ut med ei åtvaring mot det dei kallar religiøse åtak på evolusjonslæra. I rapporten The dangers of creationism in education vert det sagt at kreasjonismen – som er læra om at verda har vorte skapt av ei høgare makt – breier om seg i europeiske skular. Europarådet fryktar at dette kan kome til å utgjere ein fare for demokrati og menneskerettar, fordi borna ikkje vert sette i stand til å skilje mellom kva som er tru, overtyding og ideal og kva som er vitskap.

[...]

Nilsen seier at han ikkje har noko imot utviklingsteoriane i seg sjølv, men han mislikar at dei vert presenterte som sanning.
Det rettferdiggjer jo ateisme og fører til at elevane vel å ikkje tru, utan å ha fått andre alternativ."

Dag og Tid, 07.09.07

Det kan me jo ikkje ha noko av.

Ingen kommentarer: