" Uansett om ein er religiøs eller ikkje, så er religion ein del av samfunnet, vår kultur og våre tradisjonar. Difor er det viktig å ha eit fag som opplyser om religion i skulen. Men dersom ein skal ha eit religionsfag som ikkje bryt med menneskerettane sitt prinsipp om likestilling på grunnlag av mellom anna kjønn, etnisitet og seksuell orientering, så må ein fjerne punktet om å ha forståing og respekt for alle trusoppfatningar, seier [Dag Øistein] Endsjø.Religionsvitaren grunngjev kravet om å ta bort punktet om forståing og respekt med det konfliktfylte forholdet mellom religion og menneskerettar. Religionane har rett til å forskjellsbehandle til dømes kvinner, homofile eller funksjonshemma internt i sitt eige trussamfunn dersom det vert gjort på eit religiøst grunnlag. Men det er noko heilt anna å lovfeste at barna våre skal lære seg å ha respekt for ein slik praksis, seier han.På Høyden (UiB), 1.2.2008
torsdag 7. februar 2008
Religionsfag på villspor
Etiketter:
barn,
Dag Øistein Endsjø,
diskriminering,
homofili,
KRL,
religionsfrihet,
utdanning
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar