søndag 16. mars 2008

Human-Etisk tankesmie?

"Human-Etisk Forbund vurderer å oppretta ei humanistisk tankesmie. - Slik kan vi takla utfordringane i det religionspluralistiske Noreg, meiner Lars Gule.
Framveksten av islam som den største minoritetsreligionen i Noreg har aktualisert religion og religionskritikk i offentleg debatt. Mellom dei mest profilerte humanetikarane er det ein stor og pågåande debatt om korleis humanistar skal gå fram i det religionspluralistiske Noreg. Ein del av Human-Etisk Forbund (HEF) sine medlemmer meiner religionskritikken er urimeleg underprioritert i høve til den humanistiske livssynsfordjupinga og ikkje minst seremonivesenet, dei tre elementa som utgjer grunnlaget for HEF. Og at dette plasserer HEF på sida av samfunnsdebatten.

[...]

Gule ser for seg at ei slik tankesmie skal vere ein akademisk, forskingsbasert organisasjon som bør vere organisatorisk åtskild frå HEF for å ha fagleg integritet. Den skal kunne gjera utgreiingar for HEF, like så vel som å samarbeida om forskingsbaserte utgreiingar saman med universitet og høgskulemiljø, til dømes via Forskingsrådet.
- Den bør også kunne levere etiske utgreiingar til offentlege forvalting. Mange store kommunar vil ha behov for slikt, så det finst ein marknad her også, hevdar Gule.

[...]

# Debatten har vorte aktualisert både av den internasjonale «ny-ateisme-bølgja» og at islam har vorte den store minoritetsreligionen i Noreg.
# HEF har dei siste åra fått kritikk frå humanistar for å legga for lite vekt på religionskritikken, og for å ikkje kritisere islam på like vilkår som kristendommen."


Klassekampen, 15. mars, 2008

Ingen kommentarer: